Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Rus- og tobakksfri skulekvardag

Med rusmidlar meiner vi tobakk, alkohol og narkotiske stoff. Skulen, som lærings- og oppdragararena, ønskjer å gi klare signal til elevar og føresette om at bruk av rusmidlar ikkje tolererast i skuletida, og å skape gode haldningar hos dei unge når det gjeld rusmidlar.
 

  • Det er forbode for elevar å bruke tobakk (sigarettar, pipe, snus) i skuletida. Forbodet gjeld også elektroniske sigarettar.
  • Det er forbode å bruke eller være påverka av alkohol, narkotiske stoffer og andre rusmidel i skuletida. Det er heller ikkje tillate å oppbevare rusmidlar i skulen sine bygningar, på skulen sitt område eller i lokale skulen leiger. For å kontrollere dette kan politiet gjennomsøke skuleanlegget viss dei finn det nødvendig, eventuelt med bruk av narkotikahund.

 Skulens førebyggjande tiltak mot bruk av rusmidlar:

  • Gjere dette til ein kontinuerleg sak for elevrådet
  • I samarbeid med elevrådet bidra til fellesarrangement om rusmidlar
  • Faste møte med ruskonsulent i Nord-Fron kommune
  • Samarbeide med lokalt politi
  • Samarbeide med psykiatritenesta
  • Orientere føresette
  • Samarbeide med russen
  • Helserådgjevar er skulens kjentmann i rusførebyggjande arbeid, og arbeider med enkeltelevar
  • Samarbeide med Ung i Midtdalen
  • Skulen vil jobbe aktivt for å auke trivselen på skulen
  • Tiltak for at hybelbuarar skal finne seg til rette

Tiltak ved bruk av rusmidlar og eventuelt omsetjing av desse på skulens område:

Når ein elev opptrer rusa på skulen, har med seg rusmidlar, omsett eller forsøker å omsette på skulens område, skal eleven følgjas til rektor. Rektor vurderer eventuelt å tilkalle politi. Er eleven under 18 år, blir føresette underretta. Dette gjeld både kjøpar og seljar.

Ved mistanke om at nokon er rusa på skulen:

Skal eleven straks følgjast til rektor for samtale. Eleven skal ha med seg kontaktlærar, rådgjevar eller annan som støtteperson. Ved mistanke om narkotika, blir eleven beden om frivillig å avleggje urinprøve. Dersom eleven nektar å avleggje urinprøve, kan skulen setje i verk tiltak i forhold til skulereglementet.

Sist oppdatert 22.05.2015
Fant du det du lette etter?
Login for redigering