Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Skulen vår

Vinstra vidaregåande skule er ein kombinert vidaregåande skule med seks utdanningsprogram og om lag 450 elevar.

Skulen er den einaste i Oppland med fordjuping i dans og den einaste i landet med landsline folkemusikk som ein del av ei allsidig musikkline.

Vinstra vidaregåande skule er ein moderne vidaregåande skule med attraktive tilbod til ungdom som ønskjer studieførebuande, kreativ og yrkesfagleg utdanning.

Om lag to tredelar av elevane kjem frå kommunane Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron. Resten kjem frå andre plasser i Gudbrandsdalen og fylket.

Karriere Oppland Midt-Gudbrandsdal er lokalisert på skulen. Dei tilbyr karriererettleiing og opplæring for vaksne på vidaregåande og høgskulenivå, samt tilpassa kurs.

Den årlege elevundersøkinga viser at elevane på Vinstra vidaregåande skule vurderer trivsel og læringsmiljø på skulen høgast av alle skulene i Oppland fylke.

Sist oppdatert 13.05.2015
Fant du det du lette etter?
Login for redigering