Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Internasjonalisering

Internasjonalt utdanningssamarbeid er viktig for at alle i norsk skule skal kunne ta del i det som skjer fagleg, politisk og kulturelt i resten av verda. 

Internasjonalisering betyr å skaffe seg «internasjonal kompetanse» i vid betydning. Elevane skal utvikle eit globalt perspektiv, ferdigheiter i å kommunisere på tvers av språk og kulturar, og dei skal utvikle eit internasjonalt medansvar. Dette skjer fyrst og fremst gjennom å arbeide med faglege kunnskapar, ferdigheiter og haldningar i den vanlege undervisninga gjennom språkopplæring og ulike prosjekt.

Eksempel på internasjonalisering på Vinstra vidaragåande skule

  • Utvekslingselevar kjem til skulen frå andre land
  • Utvekslingselevar frå vår skule reiser til skuler i utlandet, med og utan stipend
  • Elevar frå vår skule har utplassering i bedrifter og helseinstitusjonar i andre land (til dømes Spania og England)
  • Innsamlingsaksjon til Sierra Leone på «Sierra Leone-dagen»
  • Studiereiser til dømes til England, Tyskland, Frankrike og Spania finansiert gjennom Comenius
  • Skulepartnerskap i EUs utdanningsprogram
  • Lærarar frå samarbeidsskular i andre land kjem til oss
  • Lærarar frå Vinstra vidaregåande skule reiser på utveksling til skuler i andre land
  • Skulen har lærarar med spesialkompetanse i undervisning av framandspråklege elevar, og lærarar med spesialkompetanse i utvekslingspedagogikk

Elevar frå Eckernförde besøkte skulen hausten 2016. Her er dei tyske elevane saman med elevar frå Vinstra vgs og lærarar. Gjennom fleire år har vi hatt eit tett samarbeid med Jungmannschule Eckernförde gjennom utveksling for elevar båe vegar. - Klikk for stort bildeElevar frå Eckernförde besøkte skulen hausten 2016. Her er dei tyske elevane saman med elevar frå Vinstra vgs og lærarar. Gjennom fleire år har vi hatt eit tett samarbeid med Jungmannschule Eckernförde gjennom utveksling for elevar båe vegar. Per Bråtet

Sist oppdatert 16.05.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering