Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Velkome til Vinstra vidaregåande skule!

Vinstra vidaregåande skule skal vera ein døropnar for ungdomar til vidare utdanning og arbeidsliv. Vi arbeider for at elevane skal bli engasjerte samfunnsborgarar.

Vi legg vekt på høg kvalitet, både sosialt og fagleg, for å fremje trivsel og læring. Den landsomfattande elevundersøkinga har over fleire år vist at elevane på skulen vår trivst godt og er nøgde med læringsmiljøet. Læring er ein aktiv prosess som krev stor innsats - det er i samspel med andre dei gode læreprosessane skjer, og at det gode læringsmiljøet blir til.

Vi  ønskjer å ruste elevane for framtida ved å vera miljøbevisste, bruke moderne teknologi og samarbeide internasjonalt. Deling av kunnskap skapar vekst og utvikling - skulen samarbeider med lokalt næringsliv og er eit kompetansesenter for det lokale kulturlivet.

Vi er ein MOT-skule og arbeider systematisk med verdiar og haldningar for å hjelpe elevane til å ta eigne val. Alle elevar og tilsette har eit ansvar for å vera gode forbilde og for å skape ein god skule. Vi ønskjer å gi våre elevar kompetanse på vegen til å nå sine mål og draumar.Vår visjon er derfor:Gode forbilde formar framtida!

Sist oppdatert 08.08.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering