PP-rådgivar ved skulen er Laila Nyhus Toppen.
Kontortid
Mandag–fredag kl. 08.00–15.30
PP-rådgivaren har kontor i 2. etasje over inngang / foaje.
PP-tenesta si rolle
Pedagogisk-psykologisk teneste blir ofte forkorta PPT eller PP-tenesta.
Pedagogisk-psykologisk teneste skal hjelpe unge som på grunn av ulike vanskar treng hjelp og støtte i opplæringa. PPT vurderer om du treng spesialundervisning.
Lærlingar og lærekandidatar kan òg søkje hjelp hos PPT.
PPT kan gje råd og rettleiing til elevar, føresette og skule om tilpassa opplæring og spesialundervisning. PPT skal òg hjelpe skulen når det gjeld kompetanse- og organisasjonsutvikling. I tillegg samarbeider PPT med andre faginstansar om utgreiing og oppfølging av elevar.
PPT er ei fylkeskommunal teneste som er organisert som eit eige team under videregåande opplæring i fylkeskommunen. PP-rådgivarane har kontor på dei ulike skulane, men er ikkje underlagt rektor på skulen.