Bibliotek og IKT

Bibliotek og IKT finn du ved sida av kantina. Her kan du jobbe med skulearbeid, kopiere og skrive ut, få IKT-hjelp og lånt datautstyr, bøker, filmar og musikk. 

Biblioteket og IKT - Klikk for stort bildeBiblioteket og IKT Marianne Bøe Jervell

Opningstider

Måndag–fredag: 07.45–15.15

Søk i bibliotekets base

Utskrift og kopiering

For å skrive ut gå til uniflow.oppland.org, logg inn med FEIDE og last opp det som skal skrivast ut. Deretter kan utskriften hentast ut frå ein av skulens printere. Bibliotek og IKT har og 2 3D-skrivarar som kan brukast til prosjektarbeid. 

IKT

Kontakt IKT om du har problem med PC-en din eller programma som brukast i undervisninga. 

Send e-post til IKT (e-post til denne adressa blir handtert av eit saksbehandlingssystem.)

Bibliotek

Spør på biblioteket om du vil ha hjelp til å finne litteratur, søkje i databasar, ønskjer tips til ei god bok eller har innkjøpsforslag. Bøker som ikkje finst på skulebiblioteket lånast inn frå andre bibliotek. Alle som er elevar og tilsette på skulen kan låne. 

Lærebøker

Lærebøker i den vidaregåande skulen er gratis læremiddel for elevar. Skulen har kjøpt inn bøker som blir lånt ut gratis på skulebiblioteket ved skulestart. Kontaktlærar deler ut lærebokkontrakt som elev/føresett må skrive under på. Lærebøker som ikkje blir returnert ved skuleslutt må erstattast. Privatistar kan låne lærebøker dersom det er ledige eksemplar etter at skulens elevar har lånt sine bøker. 

Kjeldekritikk, sitering og kjeldeliste

Skulen brukar standarden APA, som er reglar som visar korleis man skal sitere og sette opp kjeldeliste. Referanseverktøyet i Word er fint å bruke til dette. Bibliotekaren gir opplæring i APA og i referanseverktøyet i Word. På skulebiblioteket får du og hjelp til å vurdere og finne gode kjelder til skulearbeidet.
Meir informasjon og rettleiing i korleis du siterer og lagar kjeldeliste

Fordjupningsoppgåve i norsk

Bibliotekaren hjelp til med å finne tema og bøker til fordjupningsoppgåva i norsk. 
Forslag til tema, bøker og korleis du lagar problemstilling finn du her.

Studieteknikk

På biblioteket kan du låne bøker om studieteknikk. Bibliotekaren kan gi opplæring i å lage tankekart i programmet MindView og i bruk av lese- og skrivestøtteprogram som CD-ord/Into Words. Du loggar inn med FEIDE. 

Nyttige kjelder til skulearbeid:

Nokre av basane krev Nasjonalt lånekort, det kan du skaffe deg digitalt her:

Lag deg lånekort her.

NB.no: Nasjonalbiblioteket har skanna inn bøker, bilder og aviser som ligg tilgjengeleg her. Her finn du blant anna mange norske bøker utgjeve før 1990, både fagbøker og skjønnlitteratur.

Atekst: Mediearkivet Atekst er eit stort digitalt nyheitsarkiv som inneheld nyheiter frå trykte og digitale aviser, samt radio og TV. Databasen er open på skulen, brukarnamn og passord til heimebruk får du på biblioteket.

Bookbites - lese og lytteapp for bøker - Klikk for stort bildeBookbites - lese og lytteapp for bøkerBookBites: App for å lese e-bøker og høyre e-lydbøker på mobil eller nettbrett. Appen kan lastast ned frå Google Play eller App Store. Du må ha Nasjonalt lånekort for å lage deg brukar i appen. 

I BookBites kan du låne, reservere og lese/høyre på bøker. Bøkene leverast automatisk tilbake ved forfall. Spør i skranken så får du lånekort og hjelp til å lage deg ein brukar i appen!

 

Verdensbiblioteket: På Verdensbiblioteket finn du e-bøker og e-lydbøker på arabisk, bosnisk/kroatisk/serbisk, tigrinja, tyrkisk, persisk eller somali. Det er gratis å opprette ein brukar, alt du treng er ei epost-adresse. Basen er gratis og open for alle som bur i Noreg.

Naxos Music Library: Her kan du høyre på blant anna klassisk musikk, basen inneheld over 2 millionar musikkstykke. Logg inn med Nasjonalt lånekort.

FilmBIB: Norske kort- og dokumentarfilmar som du kan sjå gratis. Logg inn med Nasjonalt lånekort.

Innlandet leser: boktips og anbefalinger til deg i vidaregåande skule.

Til toppen