Om skulen

Vinstra vidaregåande skule er ein kombinert vidaregåande skule med seks utdanningsprogram og om lag 420 elevar.

Skulen er den einaste i Oppland med fordjuping i dans og den einaste i landet med landsline folkemusikk som ein del av ei allsidig musikkline.

Vinstra vidaregåande skule er ein moderne vidaregåande skule med attraktive tilbod til ungdom som ønskjer studieførebuande, kreativ og yrkesfagleg utdanning.

Om lag to tredelar av elevane kjem frå kommunane Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron. Resten kjem frå andre plasser i Gudbrandsdalen og fylket.

Karriere Oppland Midt-Gudbrandsdal held til i Byrevegen 2 på Vinstra. Dei tilbyr karriererettleiing og opplæring for vaksne på vidaregåande og høgskulenivå, samt tilpassa kurs.

Den årlege elevundersøkinga viser at elevane på Vinstra vidaregåande skule vurderer trivsel og læringsmiljø på skulen høgast av alle skulene i Oppland fylke.

Til toppen