Bygg- og anleggsteknikk

Ønskjer du å sette synleg spor etter deg med flotte bygg, vegar og bruer, uteområde og anlegg? Likar du å arbeide utandørs?

Klikk for stort bilde Per Bråtet

Kven passar studiet for?

Bygg- og anleggsteknikk passer godt for deg som er praktisk anlagt og har godt handlag. Du må kunne jobbe sjølvstendig, men samtidig være god til å samarbeide med andre. Du må være nøyaktig i det du gjer, og like å arbeide utandørs.

Bygg- og anleggsteknikk gjev deg moglegheit for å gå vidare innanfor mange handverksfag. Du kan gå 2 år på skule og etterpå søkje læreplass i bedrift, eller du kan velja å ta påbyggingsår for å få studiekompetanse.

Kva lærer du?

  • tømring
  • betongarbeid
  • muring
  • røyrleggararbeid
  • blikkenslagararbeid
  • målarfaget
  • anleggsfaget

Døme på kva du kan bli:

  • tømrar, betongarbeidar, murar, taktekkar
  • røyrleggar, blikkenslagar, målar
  • anleggsmaskinførar
  • banemontør
  • trevare- eller bygningsarbeidar
  • anleggsgartnar

Les meir om Vg1 Bygg og anleggsteknikk på vilbli.no

Skulens tilbod på Vg2:

Skulens tilbod på Vg3:

Les meir om bygg- og anleggsteknikk på vilbli.no

Til toppen