Elektrofag

Ønskjer du å arbeide i eit praktisk yrke som forenklar menneskjer si bruk av elektrisitet i kvardagen? Er du interessert i ny teknologi og korleis det ser ut inne i elektriske produkt?

Klikk for stort bilde Vemund Hagen

Kven passar studiet for?

Elektrofag passar for deg som er praktisk anlagt og har godt handlag. Du må være nøyaktig og systematisk, og ha godt fargesyn (ikkje fargeblind). Du må og være serviceinnstilt og ha ein logisk tenkjemåte når du skal løyse eit problem.

Grunnleggjande utdanning i elektrofag opnar for mange interessante yrke. Her kan vi tilby opplæring retta mot både fagbrev og vidare studiar. Du kan gå 2 år på skule og etterpå søkje læreplass i bedrift, eller du kan velja å ta påbyggingsår for å få studiekompetanse.

Kva lærer du?

  • installasjon av elektriske anlegg
  • alarmsystem/overvakningsutstyr
  • installasjon av lys og varme
  • styring av industrianlegg og robotar
  • digitale system
  • ulike elektroniske medie
  • PC, mobiltelefonar, nettbrett
  • IKT- og datanettverk, eller lyd- og bildenettverk
  • energieffektive hus

Døme på kva du kan bli:

  • elektrikar, elektroreparatør, energioperatør
  • tavle-, signal- eller heismontør
  • avioniker, flymekanikar
  • romteknolog, data- eller produksjonselektronikar
  • automatikar, FU-operatør
  • kulde- og varmepumpemontør
  • telekommunikasjonsmontør

Skulens tilbod på Vg2:

Skulens tilbod på Vg3:

Les meir om elektrofag på vilbli.no

Til toppen