Studiespesialisering

Studiespesialisering er den naturlege vegen til generell studiekompetanse, som du må ha for å studere ved høgskular og universitet. 

Klikk for stort bilde Gro Anita Hansen Resset

Kven passar studiet for?

Studiespesialisering passar for deg som likar å arbeide med teoretiske fag. Du bør være samarbeidsvillig, strukturert og sjølvdisiplinert. Du bør også være interessert i kultur- og samfunnsforhold, og like å skrive eller rekne.

Kva lærer du?

Du vel fordjupning innan:

Avhengig av fagvala dine, lærer du:

  • matematikk og andre realfag
  • leiing og økonomi
  • historie, politikk og psykologi
  • språk
  • andre teoretiske fag

Kvifor velgje studiespesialisering?

  • Studiespesialisering gjev eit breidt fagleg grunnlag.
  • Studiespesialisering gjev generell studiekompetanse. Dette er inngangsbilletten til ei lang rekkje studiar ved universitet og høgskular.  
  • Du blir godt fagleg førebudd til studiar ved høgskular og universitet, både i Noreg og utlandet. 
  • Du kan velje blant programfag innan realfag, språk, samfunnsfag og økonomi.
  • Du kan velje programfag som oppfyller spesielle opptakskrav ved inntak til høgskular og universitet.

Døme på kva du kan bli:

  • sjukepleiar, lege eller veterinær
  • ingeniør, jurist eller økonom
  • lærar, psykolog eller journalist
  • arkitekt, produktdesignar eller kulturarbeidar

Har du spesielle framtidsdrømmar, så sjekk nøye kva fagkombinasjonar som krevst før du veljer programområde og -fag.

Antall timer i fellesfag

Fellesfag

Timer per uke   
(45 minutters enheter)

  Vg1 Vg2 Vg3 Totalt
Religion og etikk      3  3
Norsk  4 4 6 14
Matematikk  5   8
Naturfag  5    
Engelsk  5     5
Framandspråk  4 4   8
Samfunnsfag  3     3
Geografi  2     2
Historie   2 4 6
Kroppsøving  2 2 2 6
Sum fellesfag  30 15 15 60
Programfag  0 15 15 30
Totalt  30 30 30 90

 

Les meir om studiespesialisering på vilbli.no

Til toppen