Folkehelseprosjektet "LIV"

Hausten 2018 fekk Nord-Fron kommune innvilga midlar til å opprette ei prosjektstilling for å styrke inkludering og livsmeistring for elevane på Vinstra vgs.

Kvifor er inkludering og livsmeistring så viktig?

Forskning viser at ved å oppleve og lagre gode opplevingar saman med andre, og ha ein god kunnskap om at livet sannsynlegvis vil bli godt att når noko er vanskeleg, kan beskytte oss mot til dømes angst og depresjon. 

Livsmeistringsfag

Helserådgivar har i mange år hatt undervisning i kvar klasse om psykisk, fysisk, seksuell og sosial helse. Gjennom prosjektet skal livsmeistringsfaget styrkast ytterlegare i skulen med temaet nettvett. Målet med livsmeistringsfaget er å styrke elevane til å ta gode val for sjølv og auke si forståing av livets variasjonar.

Open skule med middag og aktivitet

Kvar onsdag er det open skule med middagsservering og ein felles aktivitet. Alle elevar kan melde seg på. Middagen blir annonsert på Facebooksida: "Hybelboere på Vinstra vgs" og infoskjermane på skulen. I tillegg får hybelbuarar sms med informasjon.

Klikk for stort bilde Gro Solberg

Til toppen