Ei viktig historie

Mariangela Di Fiore og Cathrine Trønnes Lie besøkte skulen og fortalde om boka "Søstre: Min historie etter Utøya".

Forfattarbesøk

Som en del av Den kulturelle skolesekken (DKS) fekk 125 elevar oppleve forfattarbesøk. Boka handlar om Cathrine Trønnes Lie sitt liv før, under og etter Utøya 22. juli, 2011. Boka vart skriven av Mariangel Di Fiore og vann Brageprisen i 2021.Forfattarane viser fram boka - Klikk for stort bileteMariangela Di Fiore og Cathrine Tønnes Lie Vinstra vgs

Må tore å møte mørkeret for å sjå ljoset

Forfattarbesøket veksla mellom høgtlesing frå boka og at Cathrine fortalde om livet hennar. Blant anna fortalde ho om den siste gangen ho så systera hennar i livet, om korleis det kjentest å bli skutt, og ikkje minst om sine tunge, mørke følelsar i åra etter hendinga og den lange vegen tilbake til eit meiningsfullt liv. Ho formidla at ho er endeleg glad i seg sjølv og stolt av seg sjølv, som ho si i boka «man må tørre å møte mørket for å se lyset.»

Viktig å vere open

Det tok Cathrine åtte år før ho kom ut av sitt mørke. Cathrine sin hovud bodskap er å spreie håp. Ho ynske å formidle at det er viktig å vere open om følelsar. Det er viktig å ta imot hjelp og å gjere ein jobb sjølv for å komme ut av tunge situasjonar.  Mest av alt er det viktig å ikkje gi opp!