Fagdag på Vg1 Helse- og oppvekstfag

1HO har hatt fagdag med fokus på stell av pasientar, livsglede for eldre og aktivitetar for barn. 

Fagdaf - Klikk for stort biletePå fagdagen så hadde vi to ulike stasjonar. 

Stell av pasientar

På eine stasjonen var stell av pasient på sjukerom ei oppgåve. Med utgangspunkt i temaet – personlig hygiene for pasientar på sjukeheim – skulle elevane utføre praktisk morgonstell i seng.

Det vart brukt prosedyrebok og skrive rapport. Pasienten var ei dokke, det var difor ikkje så mykje tovegskommunikasjon denne gongen. Det vart derimot utført grundig stell og samstundes vist korleis dette kan utførast utan at det oppstår sjenanse og frustrasjon.

Fagdag - Klikk for stort bilete

Aktivitetar for barn

I tillegg så laga vi aktivitetar for barn i barnehage og skule. Her skulle vi  ta omsyn til alder og barnas interesser.

Elevane skreiv rapport  og fekk utdelt caser om både pasientar og barn. Dei som skulle ha utplassering i bedrift på sjukeheim løyste oppgåver om pasientar og dei som skulle ha utplassering i barnehage løyste oppgåver om barn.

Livsglede for eldre

På den andre stasjonen var det fokus på livsglede for eldre, der kommunikasjon, service, trivsel og meistring var tema.

Målet med dette var å byggje bru mellom generasjonar og skape ein felles aktivitet, etter ei tid der mange kanskje har følt på einsemd. Dette er viktig også med tanke på  kommunikasjon med ulike brukargrupper innanfor framtidige yrker i helse- og oppvekstsektoren.

Fagdag - Klikk for stort bilete

Pensjonistkafe

Vi inviterte også pensjonistar på «Pensjonistkafe» med omvisning på skulen etterpå. Dei 13 pensjonistane som kom fekk servert karbonadesmørbrød og eplepai med is.

Både elevane og dei eldre gav uttrykk for at dette var vellykka, og dei ynskte gjerne å bli invitert på liknande arrangement!

Tine, Marte og Liv-Marit