Fyrste skuleveke på Vinstra vgs

Første skuleveke er straks over og det har vorte mange inntrykk. Deltaking i Drømmeskolen for vg1 elevar og valdebatt for alle er noko av det som har skjedd.

Drømmeskolen

Drømmeskolen er ein modell for å jobbe systematisk med psykisk helse, livsmeistring og inkludering i skulen med mål om å skape eit trygt læringsmiljø. I dei to første skulevekene skal alle VG1 klassar gjennomføre aktivitetar knytt til Drømmeskolen. Elevmentorar har bidrege i gjennomføring og har elles vore til god hjelp for årets VG1 elevar. Elevmentorar står saman  - Klikk for stort bileteElevmentorar Vinstra vgs haust 2023 Hege Meldal

Valdebatt

På fredag var det valdebatt i Vinstrahallen. Tema på debatten var skule og skulestruktur, miljø, helse, velferdsstat og fylkespolitikk. Fleire parti var representerte og det heile var leia av Åmund Bækken Blakar. Representantane engasjerte publikum og det var mykje  applaus undervegs. Representantane var engasjerte  og avslutta med ein song frå FRP. På veg tilbake til skulen resonerte fleire elevar over debatten og to elevar eg snakka med var bevist på kva parti dei ville røyste på, sjølv om dei ikkje er gamle nok til å røyste endå.

Sju representanter diskuterer politikk foran mange elever - Klikk for stort bileteValdebatt hos Vinstra vgs Vinstra Vgs

Lykke til

Det har vore mange inntrykk i den første tida. Å bli kjent med ein ny timeplan, helse på nye menneske, lage eit nytt passord, hente lærebøker, starte opp med fag og ete lunsj i kantina var også ein del av den første skuleveka. Velkommen tilbake neste veke og lykke til med skuleåret.