Hugs å søke om stipend og lån

For å få stipend og lån frå Lånekassa, må du søke innan 15. november.

Lånekassen - frist om å søke lån og stipend - Klikk for stort bilete Lånekassen Alle elevar i vidaregåande skule kan søke om lån og stipend i Staten si lånekasse for utdanning. Lånekassa avgjer om du er gyldig søkar. 

Fristen 15. november gjeld for deg som ikkje allereie har søkt om stipend og lån for haustsemesteret.

Les meir om lån og stipend på Lånekassa si nettside.

Utstyrsstipend

Utstyrsstipend skal bidra til å dekke skulemateriell, som for eksempel leige av PC, kjøp av bøker eller kokkeklede.

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, men du må søke om stipendet innan fristane 15. mars og 15. november. Utstyrsstipendet er ikkje avhengig av kor mykje foreldra dine tener. 

Stipend skal ikkje betalast tilbake

Stipend er ikkje det same som studielån. Stipend er pengar du får som du ikkje må betale tilbake.

Unntaket er viss du får utbetalt meir stipend enn du har rett til – da må du betale tilbake det du har fått for mykje. Det kan til dømes skje dersom du sluttar midt i skuleåret. 

Du får utstyrsstipend etter programområde

Utstyrsstipendet blir tildelt etter programområde.  Kor mykje utstyrsstipend du får, avhenger derfor av kva for eit programområde du tar.

Sjekk kor mykje du får i stipend på ditt programområde

Søknadsfrist for utstyrsstipend

  • 15. november for heile året eller bare haustsemesteret
  • 15. mars for vårsemesteret
Til toppen