Invitasjon til samtale med kontaktlærar og faglærar

Vinstra vidaregåande skule inviterer foreldra/føresette, helst med eleven, til individuell samtale med kontaktlærar og faglærar.

Når

Onsdag 15. november mellom kl. 18.00 og kl. 20.00. 

Bestill samtale

Du kan bestille samtale på telefon 61 29 23 00, seinast 14. november. Før du ringer, er det fint om du veit namnet på dei lærarane du vil ha samtale med. Sentralbordet er opent mellom kl. 08.00 og 15.30. 

Eleven over 18 år?

Dersom eleven er over 18 år, må foreldra/føresette ha med fullmakt frå eleven viss eleven sjølv ikkje er med. 

Forskrift til opplæringslova §20-4

Foreldra til ikkje myndige elevar på Vg1 og Vg2 har første halvår av opplæringsåret rett til minst ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om den sosiale utviklinga og anna utvikling hos eleven. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven har rett til å vere med i samtalen med foreldra. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter forskrifta §3-7.

Føresette og ungdom med en lærar - Klikk for stort bileteSamtale med læraren Mostphotos