Konsertopplevingar i veke 20

Elevane frå musikklinja og folkemusikklinja har to konsertar denne veka. 

Tysdag 14. mai

Det er klassisk konsert i Inntunet kl. 18. Publikum får høyre musikk av m.a. Villa-Lobos, Kreisler, Grieg og Rachmaninoff. 

Foto av piano, mikrofone, kabler og en notestativ på en scene. - Klikk for stort bileteKlar for konsert HubertPhotographer fra Pixabay

Onsdag 15. mai

Onsdag kl. 19 er det endå ein konsert i Inntunet. Konserten heiter Punktum.  

Avgangselevane framfører delar av eksamensrepertoaret sitt. Det blir eit variert repertoar som spenner frå klassisk musikk via folkemusikk til rytmisk musikk. 

Pris

  • Kr. 100,- for vaksne 
  • Kr. 50,- for barn.

Kjøp på hoopla.no eller i døra. 

Velkomen!