Koronatest før skulestart

Alle elevar og tilsette skal koronatestast før vi startar opp att på skulen etter nyttår.Klikk for stort bilete

I løpet av det siste døgnet før skulestart må alle elevar og tilsette teste seg. Hybelbuarar bør teste seg før dei reiser tilbake til Vinstra, og må teste seg i løpet av det siste døgnet før skulestart. Det vil vera tilgjengelege testar i resepsjonen på skulen måndag 3. januar kl. 09.30- 15.30. Alle kan få EIN test.

Skulen held fram med raudt nivå i veke 1 og 2. Plan for oppmøte er publisert på teams. 

Informasjon frå Nord-Fron kommune

Til toppen