Vårforestilling med musikklinja.
Vaksne klagar over at ungdomen forsvinn inn i eit spel – men kva skjer når dei verkeleg blir sugde inn i spelverda? Gjer deg klar for ein kveld fylt med episk musikk frå favorittspela dine! Opplev dei ikoniske melodiane frå klassiske spel som Super Mario, The Legend of Zelda, Angry Birds og mange fleire, framført av musikklinja ved Vinstra vgs.
Det blir ein kamp om liv og død – og om å koma til next level…

Sist endra 02.04.2025 12.48