This is it!
Plakat for showkonserten
Indy Sophie Nymoen
Fredag 28. april hadde musikk- og danselinja ein stor framsyninga, showkonserten «This is it!». Dessverre var dette også den aller siste framsyning for danselinja, som etter alt å døme blir lagt ned frå neste skuleår.
Framsyninga fann stad på Otta kulturhus, ein flott kulturarena. Her kunne elevane jobbe under profesjonelle tilhøve, noko som er både inspirerande og lærerikt!
Elevane tok ut sitt beste på scena og har fått flotte tilbakemeldingar frå publikum.
Punktum
Onsdag 10. mai kl. 19:00 framfører elevar frå 3. klasse musikk og folkemusikk, noko av sitt eksamensrepertoar. Programmet innheheld alt frå folkemusikk til pop, jazz og klassisk.
Plakat for konsert
Vinstra Vgs
Elevane skal vise fram kva dei har heldt på med gjennom desse tre åra, og inviterer alle med på siste innspurten av deira tid her på Vinstra.
Klassisk konsert
Tysdag 9. mai kl. 18:00 inviterer elevar frå musikklina og Fron kulturskule til konsert med fokus på det klassiske repertoaret. Repertoaret er likevel variert, alt frå Brahms og Rachmaninoff til musikal og til og med litt pop.
Velkomen!
Plakat for klassisk konsert
Vinstra Vgs