Skuleopning i veke 20

Klikk for stort bildeI veke 20 startar skulen opp att gradvis for alle elevar. 

Smittevernreglane gjer at det blir ulike ordningar i ulike klasser.

Skyssen går stort sett som normalt med nokre unntak. Sjekk dette sjølv. Det kan vera lurt å laste ned ENTUR-appen eller gå inn på Innlandstrafikk for å sjekke om bussen din går som vanleg. Mange vil sikkert unngå bussar dersom dette er mogleg.Meld frå til kontaktlæraren din dersom du får problem med skyssen. 

Det blir gjennomgang av smittevernreglane ved oppstart fyrste skuledagen elevane møter. Nedanfor er oversikt over oppmøte for kvar studieretning.

Oppmøte i veke 20: 

Byggfag

Vg1 held fram med utplassering

Vg2 held fram med utplassering.

Elevar i Vg2 som ikkje har utplassering møter som vanleg på skulen.

TIP

1TPA: Møter tysdag  på rom 08024/25

1TPB: Møter måndag på rom 08024/25

2AMK held fram som vanleg.

Elektrofag

1ELA: Møter torsdag  på rom 07101/07102

1ELB: Møter onsdag  på rom 07101/07102

2DEL: Møter måndag  på rom 07104

2ELE: Møter måndag  på rom 07103/07104

HO

1HO og 2HEA startar opp att for fullt frå måndag. Vanleg timeplan gjennom heile veka.

1HO på rom nr. 04-113

2HEA på rom nr. 15-108

Musikk og dans

1MD/MDD : Skal ha heimeundervisning etter vanleg timeplan måndag, tysdag og onsdag. Torsdag og fredag skal de vera på skulen. Meir informasjon kjem i løpet av veka.

2MUS/MDD : Heile klassa skal møte på rom 16-126 i 1.time måndag. Skal på skulen måndag og tysdag, og ha heimeundervisning etter vanleg timeplan onsdag, torsdag og fredag.

3MUS/MDD : Skal ha heimeundervisning etter vanleg timeplan måndag og tysdag, og vera på skulen onsdag, torsdag og fredag. Følg med på Fronter for nærare beskjed om kva rom de skal møte på onsdag.

Studiespesialisering og Påbygg

Måndag  er studiedag. Oppsummere arbeid frå perioda med heimeundervisning og ta igjen arbeid du ikkje har fått gjort.  Ikkje alle kan vera på skulen samtidig. Det vil bli en kombinasjon av oppmøte på skulen og arbeid heime.Plan for frammøte vidare i veka kjem måndag. 

Vel møtt til alle!

Til toppen