Denne veka var elevar og lærarar frå sosiologi-, sosialkunnskap-, og rettslære1 - klassene på besøk på Nord-Fron bibliotek. Der fekk dei høyre fleire sterke historier om mennesker på flukt gjennom eit foredrag basert på boka «Fortellinger om flukt».
To av forfattarane, Shirin Ahmadian og Camilla Bruu Næsmo
Sarah Grøthe
"Fortellinger om flukt"
Boka handlar om ti unge stemmer som fortel si historie om flukta til Norge. Dei har alle reist vekk frå det kjente i håp om å komme til tryggheit. Korleis er det å vere ein ungdom som ber med seg ei traumatisk flukt? Alle har dei opplevd vonde og opprivande historier, og at deira menneskerettar er blitt krenka på vegen, ein nesten umogleg veg som gjekk gjennom ørken og over fjell og hav.
Eit ansikt bak statistikk
Forfattarane av boka vil gje unge mennesker bak statistikk og nyheitsoverskrifter eit ansikt. Dei ti historiene er fortalt av skuleelevar til lærarar, og så attfortalt av desse lærarane som er forfattarar av boka. Deira mål er å gje eit innblikk i kva andre ber med seg, og tek opp temaer om einsemd, utanforskap, identitet og håp.
Boka er skrivi for ungdommar og lærarar og alle andre som vil bli betre til å forstå medmennesker som har vore på flukt.
Bakgrunn for boka
Det som starta som ei samtale om at det er lite informasjon om ungdommar på flukt, endte opp med denne boka. Forfattarane håpar på at boka skal opne opp for ei større forståing for det fleirkulturelle samfunnet vi lever i.
Det var to av forfattarane, Shirin Ahmadian og Camilla Bruu Næsmo, som held foredrag for elevane. Den tredje forfattaren er Ingeborg Aspfors-Sveen.
Camilla Bruu Næsmo les frå boka
Sarah Grøthe
Arrangementet var eit samarbeid mellom Nord-Fron bibliotek og Vinstra vgs.