Fridthiov Oos’ pris har blitt delt ut i over 100 år, og går normalt til dei beste eksamenssvara i nynorsk. Grunna korona blei prisen erstatta av ein skrivekonkurranse i regi av Det Norske Samlaget, Framtida.no og Magasinett. No er vinnarane kåra.
Interessert i språk
Synne går 3. året på Musikklinja på Vinstra vgs og er svært interessert i språk. I teksten sin, Kæn e få 'n påsså? så skriv Solberg om dialektar og talemåtar. Synne seier til Framtida.no at ho er oppteken av korleis ho sjølv og andre unge blir påverka av kvarandre og verda rundt oss, og korleis vår talemåte skil seg ut frå dei eldre generasjonane.
Skryt frå juryen
Solberg får skryt av juryen for teksten sin. Juryen seier: - Ho syner fram eit stort register av språklege reidskapar for å få fram ulike syn på saka, og til slutt sitt eige. Til slutt sit lesaren att med ei stolt kjensle, ikkje berre for sitt eige talemål, men for alle dei ulike talemåla i landet.
Stolt midt-gudbrandsdøl
Synne er stolt av dialekta si og synest at fleire burde bruke alle særeigne ord som finst. Ho meiner at dialekta er ein stor del av identiteten vår som vi bør behalda.
Framtidsplanane til Synne etter vidaregåande er studium innanfor noko som har med med kultur og gjera.
Det var totalt 170 bidrag til skrivekonkurransa som Synne vann saman med to andre. Vinnarane får 5000 kroner frå Fridthiov Oos' legat.
Gratulerer til Synne!