Oliver Iversen Lien fekk blomstrar.
Vinstra Vgs
Eg trefte ein utruleg glad kar etterpå for å snakke om hans tid som lærling på Vinstra vgs. Han var nervøs i forkant av dagen, men akkurat no kjende han seg langt oppe.
- Eg er veldig fornøgd og veldig glad, sa han med det første.
Fagbrev-oppgåva
Temaet handla om trafikk tryggleik. Han fekk to oppgåver.
Den første handla om samtale og den andre om aktivitet. Aktiviteten gjekk ut på førstehjelp og han tykte det gjekk ganske greitt.
Utanlandserfaring
Som en del av lærlingtida på Vinstra Vgs har Lien òg reist til Barcelona frå januar til april i år med Erasmus+ og Internasjonalt servicekontor. Her jobba han på ein skule for funksjons- og utviklingshemma med 16–20-åringar.
Lien meiner at han utvikla seg breiare, både internasjonalt og språkmessig i Barcelona. Erfaringsutbyttet var gull verdt, i tillegg til observasjonar frå ein annan kultur når det gjeld arbeid med funksjonshemma.
Fleire gutar som barne- og ungdomsarbeidarar
Lien har læringkontrakt ut sommaren. Etter det skal han byrje å jobbe. Han meiner at i tida som lærling ved Vinstra vgs har han vorte meir moden og har no faglege vurderingar bak det han gjer i arbeidet med ungdom.
Han legg til at han har hatt ein kjempeflink og støttande veileder i Jo Brusveen. Til slutt vil han gjerne reklamere for kor viktig det er at fleire gutar utdannar seg som barne- og ungdomsarbeidarar.