Ytringsfridom - eit tverrfagleg prosjekt

Kva utfordringar er knytt til ytringsfridom og kommunikasjon i eit mangfaldig samfunn?

Dette er eit tema som 3STA og 3STB arbeider med i norsk dette skuleåret. Fatemeh Ekhtesari saman med elevar frå 3STA og STB - Klikk for stort bileteFatemeh Ekhtesari saman med elevar frå 3STA og STB Sarah Grøthe

Tverrfagleg samarbeid

Prosjektet er eit tverrfagleg samarbeid mellom faga kroppsøving, norsk og religion og etikk.

Sataniske vers

Så langt har klassane arbeidd med utdrag frå romanen "Sataniske vers" av Salman Rushdie for å forstå kvifor teksten kan verke provoserande på ein del lesarar, samtidig har dei blitt kjend med skrivestilen i romanen som ein kan plassere innanfor sjangeren magisk realisme.

Felles fagdag

På felles fagdag tidlegare i haust vart elevane utfordra med fysisk aktivitet som tematiserte inkludering og ekskludering.

Dei har sett ein litterær samtale digitalt overført frå Deichmanske bibliotek i Oslo. I tillegg har dei arbeidd med faktastoff om Iran og eit undervisningsopplegg om hatprat og hatefulle ytingar på nett utarbeidd av Litteraturhuset i Oslo. 

Ekhtesari held  foredrag på biblioteket - Klikk for stort bileteEkhtesari held foredrag på biblioteket

Besøk av fribyforfattar

Fredag fekk klassane besøk av fribyforfattar Fatemeh Ekhtesari. Ho er frå Iran, men måtte flykte etter å ha blitt forfulgt av myndigheitene for å ha skrive dikt som hadde forbode innhald. Ho bur i dag på Lillehammer og har nyleg kome med ny diktsamling, "Hun er ikke kvinne".  

Fatemeh Ekhtesari

Fatemeh Ekhtesari (f. 1986) er poet, redaktør, menneskerettsaktivist og jordmor frå Iran. Ho har utgjeve fire diktsamlingar, to novellesamlingar og to samlingar med prosatekster på persisk. I 2015 flykta Ekhtesari frå Iran etter å ha blitt dømt til nittini piskeslag og elleve og eit halvt års fengsel.

Oversett til mange språk

Ekhtesari kom til Lillehammer som fribyforfattar i 2017. Diktsamlingane er tidlegare oversett til mange språk, blant anna engelsk, tysk, svensk og spansk.

Klikk for stort bilete Sarah Grøthe

Fleire prisar

Ekhtesari har motteke fleire prisar og utmerkingar for sitt forfattarskap internasjonalt og delteke på ei rekkje litteraturfestivalar.

Ei tydeleg stemme

Ho har på kort tid blitt ei tydeleg stemme også på den norske poesiscena. "Hun er ikke kvinne" er hennar første nyskrevne diktsamling i Norge, og er arbeida fram parallelt på persisk og norsk.

Les meir om Fatemeh Ekhtesari

 

Til toppen