Oppfølgingstenesta (OT)Er du utan jobb eller skuleplass? Oppfølgingstenesta kan hjelpe deg.OT-rettleiarPer Ivar HoltenArbeidsområde: Nord-Fron, Sør-Fron og RingebuTelefon: 91 13 75 44Send e-post Kven kan få hjelp?Du kan få hjelp viss du er mellom 15 og 24 år og har rett til vidaregåande opplæring:ikkje har søkt vidaregåandeikkje har teke imot skule- eller læreplasshar slutta før du er ferdig på skulen eller som lærlingikkje er i jobb eller utdanningKva kan du få hjelp til?Vi kan hjelpe deg med å:finne opplæring som passar for degsøkje jobb eller praksislage ein plan for vegen vidareDu får informasjon og rettleiing om opplæring og arbeid. Du får òg tilbod om samtalar og møter, slik at vi saman kan finne gode løysingar for deg.Vi kontaktar degVi tek kontakt med deg viss du er i målgruppa.Du kan òg ta kontakt med oss.Samarbeid med andreVi samarbeider mellom anna med NAV, BUP og opplæringskontoret for å gi deg rett oppfølging. Tilboda kan variere frå kommune til kommune. Sist endra 24.07.2026 09.06