Kontortid
Tysdag-fredag kl 0800-1530
Helsesjukepleiaren held til i 2. etasje over inngang/foaje.
Helsesjukepleiaren si rolle
Helsesjukepleiaren er tilgjengeleg for kvar enkelt elev og arbeider i klassene med ulike emne innanfor livsmeistringsfag. Tema - fysisk, psykisk, sosial og seksuell helse eller sjukdom er ansvarsområde. Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt , med mål om å fremje helse og trivsel, er også helserådgivar sitt mandat.
Helsesjukepleiar kal vere lett å få tak i for alle elevar og ein treng ikkje avtale for å ta kontakt. Foreldre er og velkomne til å ta kontakt.
Helsesjukepleiar kan kontakte andre hjelpeinstansar i kommune eller spesialisthelsetenenste for tilvisning vidare, når det er ynskjeleg.
Målet til tenesta er å bidra til auka trivsel og meistring for ungdom.
Helsesjukepleiar har teieplikt etter helsepersonellova.
Psykisk helse
- Sjølvkjensle, sjølvbilete og kroppsbilete
- Vener og relasjonar
- Rus og uro/vanskar i forhold til rus hjå vener eller familie
- Tristheit / depresjon
- Sjølvskading
- Stress / uro
- Mobbing / vald
- Familieproblem
- Spiseforstyrring
- Sorg
Fysisk helse
- Fysisk aktivitet
- Skader / Sårbehandling
- Allergi / utslett
- Muskel / skjelettplager
- Kosthald og daglege funksjonar
Seksualitet
- Spørsmål kring prevensjon
- Reseptar på prevensjon
- Graviditetstest og støtte i samband med spørsmål kring dette
- Testing av kjønnssjukdommar
- Forelsking, samliv og seksualitet
Kontaktperson
Marianne Meldal
Tlf 612 16 320 eller 905 78 908
marianne.meldal@nord-fron.kommune.no