Eigne reglar for skulen

I tillegg til felles skulereglar, gjeld desse reglane for skulen vår:

§ 12 Eigne skulereglar for Vinstra vidaregåande skule

Mobilhotell

Eleven sin bruk av IKT, mobiltelefon og øyreproppar eller hovudtelefonar i undervisninga/på opplæringsarenaer skal skje etter læraren sine anvisingar. Skulen bør nytte seg av løysingar som til dømes mobilhotell.

Mobilhotell skal som hovudregel brukast. Klasseleiar styrer bruken av mobil i undervisninga etter behov.

Russ

Å markere grupper og /eller eigne gjengar, under dette òg russegrupper, gjennom å bruke symbol og effektar med formål å ekskludere andre medelevar, blir ikkje aksepterte da det motverkar eit inkluderande læringsmiljø for alle.

Ingen elevar skal oppleve ekskludering. Skulen skal ved skulestart og gjennom året ha god dialog med russestyret og presidenten, slik at vi har felles forståing for praktisering av dette punktet.