Kjære elev på Vinstra vidaregåande skule!

STOR TAKK TIL DEG – både du som er elev hjå oss, og du som blir det frå hausten!

Overgang

Så tenkjer du kanskje at dette blir i overkant spennande og litt skummelt. Tenk heller slik: Alle overgangar skal vera spennande, og det er vanleg å kjenne på usikkerheit. I alt det nye er det også mykje artig og utviklande i vente! 

Læring er lagarbeid

Rektor Gunn O. Berg - Klikk for stort bileteGunn O. Berg Avisa Dølen

Som elev hjå oss er du del av eit miljø som vil ta godt vare på deg og draumane dine, med mange fine medelevar og ikkje minst eit stort lag med vaksne.

Slike fellesskap er viktige, og vi har alle eit ansvar for å utvikle dei vidare – med det vi gjer og dei vi er.

Vi vaksne gler oss til å vera med på læringsreisa di - lykke til med nytt skuleår!

 

Vennleg helsing

Gunn O. Berg, rektor