Kjære elev på Vinstra vidaregåande skule!

Takk for at akkurat du valde å vera elev hjå oss!

Samarbeid

Vi skal gjera vårt for å ta godt vare på deg, og saman skal vi arbeide for at du kan meistre  og lykkast i å nå måla du kanskje har sett deg. Om måla dine ikkje er heilt klare, kan vi nok hjelpe deg med det også. 

Gunn Oddveig Berg - Klikk for stort bilete

Berre hugs at vi verken kan stå opp for deg om morgonen eller lære for deg. Men -  vi kan lære saman med deg, og bidra til at du får ein skulekvardag som gjer at du veks og utviklar deg i løpet av tida di her. 

Læring er lagarbeid

For læring er lagarbeid, og vi er mange på læringslaget rundt deg: Både skuleleiing, lærarar, elevassistentar, IKT, kantine -, drifts- og reinhaldspersonale, elev- og bibliotekteneste er på ditt lag. 

LYKKE til med skuleåret - og hald fram med å ta gode val for dagane dine her og for framtida!

Med vennleg helsing

Gunn Oddveig Berg

Konstituert rektor skuleåret 2024-2025