Om Vinstra vgs

Vinstra vidaregåande skule er ein kombinert vidaregåande skule med seks utdanningsprogram og om lag 340 elevar.

Folkemusikk

Skulen er den einaste i landet med landsline folkemusikk som ein del av ei allsidig musikkline.

Sjå alle utdanningstilboda våre

Moderne skule kor elevane trivst

Vinstra vidaregåande skule er ein moderne vidaregåande skule med attraktive tilbod til ungdom som ønskjer studieførebuande, kreativ og yrkesfagleg utdanning.

Om lag to tredelar av elevane kjem frå kommunane Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron. Resten kjem frå andre plasser i Gudbrandsdalen og fylket.

Den årlege elevundersøkinga har vist at elevane på Vinstra vidaregåande skule vurderer trivselen og læringsmiljøet på skulen høgast av alle skulene i tidlegare Oppland fylke.

Sjå kva skulen kan tilby