Sierra Leone-prosjektet

Vinstra vgs har, saman med Gausdal vgs og båe avdelingane på Lillehammer Vgs, eit internasjonalt fellesprosjekt.

Prosjektet blei starta i 2002 og går ut på å drive ein skule midt i jungelen i Sierra Leone. Skulen heiter Lillehammer secondary school og blei bygd og opna i 2006. Skulen har nå 402 elevar, 156 jenter og 246 gutar.

Elevar ved Lillehammer secondary school - Klikk for stort bileteElevar ved Lillehammer secondary school

Målretta innsamling

Vi samler inn pengar som først og fremst går til dagleg drift, det vil seie lønningar til lærarane og mat til elevane.

Vi samarbeidar  med Umu Pyne, som er født i Sierra Leone, men busett i Lillehammer. Ho er prosjektet sin kontakt med skulen og er der på jevnlege besøk. Dette skaper ein stor tryggleik for at pengane går dit dei skal.

Drikkevatn og skulebøker

I 2018 bygde vi ein brønn som skulen har stor nytte av. Før måtte elevar og tilsette gå 15 minutter ein veg gjennom jungelen for å hente vatn, og drikkevatn måtte kjøpast i små plastposer. I fjor investerte vi i solcellepanel slik at skulen har tilgang på strøm.

Skulen har også fått symaskiner slik at elevane kan lære seg å både sy og reparere kleder. Elevane har ikkje skulebøker og nesten ingen bøker i skulebiblioteket. Det blei derfor i haust sendt ned 10 kasser med engelske bøker som vi ikkje bruker lenger.

Staten skal overta drift

Planen er at staten i Sierra Leone i framtida sjølv skal overta drift av skulen. I fjor betalte dei for 5 lærarar og dette skuleåret skal dei betale for 10. Utfordringa er at lønnsauka har vore på 30 %, så dei treng likevel fortsatt støtte. I tillegg skal dei bidra til innkjøp av nokre  PC-ar og utstyr til ein naturfaglab.

Frå klasserommet - Klikk for stort bileteFrå klasserommet

Måltid

Elevane får servert eitt varmt måltid om dagen, dette er ofte det einaste måltidet elevane får i løpet av ein dag.

Måltidet er også ein viktig motivasjon for at føresette vil sende elevane på skulen. Maten blir laga av lokale kvinner i eit bambusbygg. Gjennom å gje ungdommane utdanning unngås ekteskap og graviditet i ung alder.

Korona

Koronapandemien har også ramma Sierra Leone, men dødstala har vore forholdsvis låge. Landet er godt rusta mot epidemiar etter utbrotet av ebola.

Elevane har vore på skulen under pandemien, men dei sit med munnbind i klasserommet. I vår gjekk undervisninga føre seg via radiosendte sendingar frå staten.

Eigen komitee

Vinstra vgs organiserer arbeidet gjennom ein komite som består av 2 vaksne og 5–7 elevar frå ulike klasser.

Dei har jevnlege møter med komiteane frå dei andre skulane som er med i prosjektet. Komiteen organiserer også innsamling av pengar ein dag kvar haust. Dette er heile skulen med på.