Elektro og datateknologi

Ønskjer du å arbeide i eit praktisk yrke som forenklar menneskjer si bruk av elektrisitet i kvardagen? Er du interessert i ny teknologi og korleis det ser ut inne i elektriske produkt?

Reed Foto

Kven passar studiet for?

Elektro og datateknologi passar for deg som er praktisk anlagt og har godt handlag. Du bør være nøyaktig og systematisk. Du må og være serviceinnstilt og ha ein logisk tenkjemåte når du skal løyse eit problem.

Grunnleggjande utdanning i elektro og datateknologi opnar for mange interessante yrke. Her kan vi tilby opplæring retta mot både fagbrev og vidare studiar.

Elektrofag Reed Foto Du kan gå 2 år på skule og etterpå søkje læreplass i bedrift, eller du kan velja å ta påbyggingsår for å få studiekompetanse.

Kva lærer du?

  • installasjon av elektriske anlegg
  • alarmsystem/overvakningsutstyr
  • installasjon av lys og varme
  • styring av industrianlegg og robotar
  • digitale system
  • ulike elektroniske medie
  • PC, mobiltelefonar, nettbrett
  • IKT- og datanettverk, eller lyd- og bildenettverk
  • energieffektive hus

Døme på kva du kan bli:

  • elektrikar, elektroreparatør, energioperatør
  • tavle-, signal- eller heismontør
  • avioniker, flymekanikar
  • romteknolog, data- eller produksjonselektronikar
  • automatikar, FU-operatør
  • kulde- og varmepumpemontør
  • telekommunikasjonsmontør

Les meir om elektro og datateknologi på vilbli.no

Skulens tilbod på Vg2:

Skulens tilbod på Vg3:

Slik søker du