Helse- og oppvekstfag

Ønskjer du å arbeide med menneske i ulike aldersgrupper og livssituasjonar? Likar du å gje omsorg og pleie? 

Ein elev ligg i senga og to andre elevar står på kvar sin side av senga og skal behandle pasienten. - Klikk for stort bileteElevar på helse- og oppvekstfag i øving. Reed Foto

Kven passar studiet for?

Helse- og oppvekstfag passar for deg som er omsorgsfull overfor andre menneske. Du må vere flink til å kommunisere med menneske i ulike livssituasjonar, og god til å samhandle både med pasientar og kollegaer.

Kva lærer du?

  • om menneske si utvikling
  • om aktivisering av menneske i ulike aldre
  • å gje omsorg og pleie til barn, sjuke og funksjonshemma
  • å ta vare på kropp og helse
  • om riktig kost og ernæring
  • om kommunikasjon og samhandling med menneske i ulike aldre og livssituasjonar
  • om hygiene, smittevegar og sjukdommar

Ein elev øver på ei dokke som ligg i senga. - Klikk for stort biletePå helse- og oppvekstfag øver vi både på ekte menneske og dokker. Reed Foto

Døme på kva du kan bli:

  • barne- og ungdomsarbeidar
  • helsefagarbeidar
  • ambulansefagarbeidar
  • helsesekretær, tannhelsesekretær, apotekteknikar
  • fotterapeut, ortopediteknikar
  • hudpleiar

Skulens tilbod på Vg2:

Skulens tilbod på Vg3:

Slik søker du