Landsline for folkemusikk Vinstra vidaregåande skule har musikk, dans og drama med folkemusikk, som elevar frå heile landet kan søkje på. Vinstra vgs Sidan 1997 har skulen hatt landsline i folkemusikk og den er den einaste i sitt slag i Noreg. Du kan søkje uansett kor i landet du bur, og søkjarar frå heile landet stillast likt ved inntak. Generell studiekompetanse Undervisningstilbodet følgjer musikk, dans og drama-modellen med både programfag og fellesfag, slik at elevane får generell studiekompetanse. Fag- og timefordeling Som elev på folkemusikklina får du mellom anna dette: ein time i veka med hovudinstrumentlærar opplæring på biinstrument (valfritt, til dømes fele, hardingfele, munnharpe, gitar, piano) opplæring i kveding og folkedans På Vg2 utgjer programfaga 17 timer og fellesfaga 18 timer i veka. Programfag Hovud- og biinstrument, kor/ensemble, musikk i perspektiv, komponering/arrangering, musikkformidling/musikkteknologi, ensembleleiing, musikklære/lytting, gehør og øvingslære. Enkelte programfag blir undervist i fellesgrupper saman med dei ordinære musikkelevane, medan andre er i eigne grupper eller med tilpassa innhald (samspel, kveding, musikk i perspektiv, biinstrument, hovudinstrument m.m.) Fellesfag Norsk, engelsk, kroppsøving, naturfag, matematikk, samfunnsfag, historie, religion, geografi, og 2. framandspråk (tysk, spansk eller fransk). Alle instrument Skulen tilbyr alle instrument innanfor folkemusikk, -dans og -sang, men det kan være behov for individuelle tilpasningar ved enkelte instrument. Dyktige lærarar Tom Willy Rustad og Vegar Vårdal er folkemusikklærarar. I tillegg har elevane andre musikklærarar ved skulen i enkelte programfag, og lærarar innanfor studiespesialisering i fellesfag. Frivillig prøvespeling Det er ikkje opptaksprøve. Søkjarar kan komme og prøvespele, men det er frivillig. Slik søker du Søk om skuleplass Du søker, får svar og svarar på tilbod i Vigo. Søk på vigo.no Du må søke opptak kvart år. Søknadsfrist Søknadsfristen er 1. mars. For søkjarar som har krav på individuell behandling av søknaden sin, og søkjarar med fortrinnsrett til vidaregåande opplæring, er fristen 1. februar. Hybel Det er gode hybeltilbod på Vinstra. Elevane kan få gratis frukost på skulen. På fritida Folkemusikklina har eiget spelemannslag "Spira", som er svært aktivt. Dei øver og er rundt omkring og speler utanom skuletid på konsertar og kappleikar. Du er i eit spennande klassemiljø med musikk- og danseelevar, og du treff mange som har dei same interessene som deg. "Det krev mykje hardt arbeid, litt flaks og eit talent for å leve heiltid av musikk." Øyvind Sandum, folkemusikar og tidlegare elev ved Vinstra vidaregåande skule. Sist endret28.09.2020 09.06