Teknologi- og industrifag

Ønskjer du å arbeide med teknikk og mekanikk? Er du interessert i maskiner og kjøretøy?

Elevar på teknologi- og industrifag - Klikk for stort bildeElevar på teknologi- og industrifag Per Bråtet

Vel du teknologi- og industrifag kan du få jobb innanfor teknisk industri, skipsindustri, bilbransja, kjemisk prosessindustri, traktor- og anleggsmaskinbransja og oljeindustrien.

Du kan gå 2 år på skule og etterpå søkje læreplass i bedrift, eller du kan velja å ta påbyggingsår for å få studiekompetanse.

Kven passar studiet for?

Teknologi- og industrifag passar for deg som er praktisk anlagt og har godt handlag. Du må kunne jobbe sjølvstendig og være nøyaktig i det du gjer. Du bør være interessert i ny teknologi, for på dette området er det rask utvikling! 

Kva lærer du?

  • å dreie, frese, bore, kappe, skjære, sveise og lodde ulike metall
  • å montere/demontere motorar og maskindelar
  • å kople elektriske, pneumatiske og hydrauliske system/oppgåver
  • å teikne, planleggje arbeid med bruk av ulike verktøy og måleinstrument
  • å stelle og vedlikehalde mekanisk verktøy og utstyr

Døme på kva du kan bli:

  • industrimekanikar, verktøymakar, sveisar
  • bore- eller brønnoperatør
  • matros, motormann
  • landbruksmaskin- eller motormekanikar
  • anleggsmaskinførar eller -mekanikar

Skulens tilbod på Vg2:

Skolens tilbod på Vg3:

Slik søker du

Til toppen