Aktiv gjeng

Det er mye som skjer på byggfag. 

Bussprosjekt

Ein leikebuss står ute - Klikk for stort bileteLeikebuss står ute Raymond J. Hill

Då byggfaglina fekk ein førespurnad frå foreldrerepresentantane ved Sødorp barneskule rundt konstruksjon av ein ny leikebuss, svarte dei ja. Bussprosjektet har engasjert elevar både fra Vg1 og Vg2.  

Gjenbruk

Materialet er gjenbruk etter eksamen i vår.  Å ha ei miljøbevisst og bærekraftig tilnærming, er aktuelt i dagens samfunn og relevant i samsvar med læreplanen. 

Lærar Raymond Hill seier at dette er ein viktig del av det å vere handverkar, nemleg å skape noko som kan pryde eins eigen og kvardagen til andre. På flyttedagen i november var lokalavisa Dølen til stades.  Les meir om saka i Dølen her.

 

2 elever lager en lekebuss - Klikk for stort bileteElevane bygger leikebuss Raymond J. Hill
Ein leikebuss sitter på en stor latebil - Klikk for stort bileteLeikebuss flyttes med lastebil Ole Magnus Røen, Dølen
En stor krane setter leikebuss ned - Klikk for stort bileteLeikebuss på Sødorp skule Raymond J. Hill

Andre prosjekt

Dei er ferdige med bussprosjektet, men ligg ikkje på latsida. Vg2 Tømrere bygger ein garasje for Røde Kors på Kvamsfjellet. Vg2 Betong og mur er i full sving med forskalingsoppgåver. Vg1 elevane lagar postkassestativ, gapahukar og utedo desse dagar og oppdraga står i kø.

Forskaling går på uten for skolen - Klikk for stort bileteForskaling på Vinstra vgs Raymond J. Hill
2 elever murer en vegg - Klikk for stort bileteElevane murer Raymond J. Hill

Felles samlingspunkt på Vinstra

Onsdag, 29. november heldt Bygg- og anleggsteknikk avdelinga ein bransjedag. 90 elevar frå Vinstra, Lom og Lillehammer var samla i Inntunet på skulen for å høyre om betong- og murfaget. I tillegg var det omvisning for tilreisande. Skanska, NCC, Dokken & Moen/HG, FS Betong og Veidekke stilte med representantar og det var tid for elevar å snakke med dei.  

Finn ut meir

Ønsker du å få meir informasjon om bygg- og anleggsteknikk?