Vi inviterer foreldra/føresette, helst saman med eleven, til individuell samtale med kontaktlærar og faglærar tysdag 10. november mellom kl. 16:00 - 19:00.
Det er sett av 15 minutt til kvar samtale.
Før du ringer, er det fint om du veit namnet på dei lærarane du vil ha samtale med.
Du kan bestille samtale på telefon 612 92 300, seinast dagen før samtaledagen.
Sentralbordet er opent mellom kl. 08:00 og 15:30.
Dersom eleven er over 18 år, må foreldre ha med fullmakt frå eleven viss eleven sjølv ikkje er med.
Med helsing
Gunn O. Berg
Rektor
Mostphotos