Portugal: moglegheiter for yrkesfagpraksis

Les reisebrev frå fire yrkesfaglærarar som var på jobbskygging gjennom Erasmus+ midlar.

22.-25. januar var lærarar frå bygg, elektro, helse og TIF på reise til Barcelo i Portugal. Her besøkte vi ein skule med mellom anna elektro og mekaniske fag. Vi fekk både informasjon og demonstrasjon, og dessutan delte erfaringar og skilnader/likskapar med både elevar og lærarar.

5 mennesker står sammen med en norsk flag - Klikk for stort bileteMobility friends i Portugal Liss Rønningen Gravdal

Vi møtte samarbeidspartnaren vår, Mobility friends som kan organisere praksis i Portugal for yrkesfagelevane våres. Vi fekk besøke ulike bedrifter som kan vere aktuelle. Ecosteel er ein stor fabrikk som produserer elektriske vindauge, denne bedrifta er interessant for fleire av studieretningane. Campelo er ein vingard som kan vere aktuell for mekaniske fag/landbruksmekanikk. Vi var òg innom to sjukeheimar, og campen der elevar kan bu. Spennande og innhaldsrike dagar.

Vi gler oss til å sende elevar i praksis til Portugal seinare i vår!

Liss, Hroar, Stig og Anders

4 lærere står utenfor en skole i Portugal. - Klikk for stort bileteEn skole med yrkesfag. Liss Rønningen Gravdal
Lærere besøker en fabrikk - Klikk for stort bileteEcosteel Liss Rønningen Gravdal
Her ser du maskiner som er brukt ute på en vingård - Klikk for stort bileteBesøk på en vingård Liss Rønningen Gravdal