Regionmesse for ungdomsbedrifter

Torsdag 25. januar var ungdomsbedrifter frå Nord-Gudbrandsdal, avd. Otta, og Vinstra vidaregåande skular samla på Peer Gynt-senteret for å vise fram bedriftene sine. 

Organisering av dagen

4 tegnefigurer som jobber med forskjellige deler av å starte opp en bedrift - Klikk for stort bileteDet er mange ting å tenke på for å lage ei ungdomsbedrift. pixabay

Ungdomsbedrift er ein metode som kan brukast i fleire studieretningar. Vinstra vidaregåande skule deltok med tre ungdomsbedrifter (UB) frå 3. klasse Musikk og fire ungdomsbedrifter som har programfag Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 på Studiespesialisering. I tillegg var ei bedrift frå franskfaget til stades for å tene pengar til studietur til Nice i mars. Frå Nord-Gudbrandsdal, avd. Otta deltok to bedrifter frå Studiespesialisering og Sal, service og reiseliv. 

Etter at lektor Ingunn Teige Spjotum ønskte velkome, minna rektor Leif Solheim elevane i velkomsthelsinga si om kor viktig det er å ha nytenkande arbeidskraft i Midt-Gudbrandsdalen. 

Det var tid til å besøke ungdomsbedrifter på stand og det var premieutdeling. Både Veslofsen UB og Feristun UB bidrog med musikkinnslag i løpet av dagen. 

4 ungdom synger og spille på instrument i en shopping senter. - Klikk for stort bileteVesleofsen UB underheld Vinstra vgs

Ungdomsbedrift i skulen

Læreplan i Entreprenørskap og bedriftsutvikling presiserer at faget er både praktisk og teoretisk. Kjerneelement i faget inkluderer verdiskaping, bærekraft, strategi og verksemdsutvikling. 

2 ungdommer står på stand. - Klikk for stort bileteEirik og Dennis er en del av SIDE H UB Vinstra vgs

Dennis og Eirik frå SIDE H UB uttrykte at valet av Entreprenørskap og bedriftsutvikling har gitt ein ny vri på skuleopplevinga. Dei forklarte at i dette faget har elevane meir makt over seg sjølv. Det er meir praktisk enn dei andra faga dei har. Vidare meiner dei at det er motiverande å starte si eiga bedrift og tener pengar mens ein er på skulen. 

Berekraft i fokus

Det kom tydeleg fram at berekraft og gjenbruk var i fokus. Lignum UB nyttar materiale frå byggavdelinga til skulen som elles ville bli kasta for å bygge hundehus og fuglehus. Flett og Farge UB skaper ulike produkt, mellom anna armband, frå donerte materiale. Belleza UB samarbeider med ei lokal bedrift for å lage genserar og planlegg å bruke kasserte skoesker som emballasje i staden for plastposar.

Premiar

Det vart delt ut pengepremiar i seks ulike kategoriar: videopresentasjon, logo, forretningsplan, HR, berekraft og kundeoppleving på stand. 

Bag Buddy UB vann ein premie i kvar kategori. Andrine og Masuda synest det var kjempestas. Dei hadde ikkje så mange forventingar på starten av dagen og ville berre vise seg fram, men var svært fornøgde med dagen. 

2 ungdommer står ved siden av hverandre - Klikk for stort bileteMasuda og Andrine visar frem sin idè. Vinstra vgs
2 ungdommer ta imot premie - Klikk for stort bileteBag Buddy UB får pris. Vinstra vgs
3-D maskin og flere eksemplar av en bag buddy - Klikk for stort bileteDøme på ein bag buddy og 3-D maskina som vart brukt. Vinstra vgs

Takk til Sparebank 1 Gudbrandsdal, Gudbrandsdal Energi, Skåppå, Krible, Nord-Fron kommune, Ringebu kommune, Ernst & Young, NAV, UE Innlandet, Peer Gynt-senteret og tidlegare UB-elev Louise Brinkmann som bidrog anten i juryen eller med pengepremiar.

Godt fornøgd

Ingunn Teige Spjotum er godt fornøgd med dagen. Alle ungdomsbedriftene fekk vist seg fram på ein god måte, og dei fleste vart premierte. Ho seier at elevane gav uttrykk for at dagen har gitt motivasjon og inspirerer til vidare arbeid. 

Det er mykje læring både i forkant, gjennom dagen og i vidare arbeid med bedriftene. Vinstra vidaregåande skule har arrangerte Regionmesse for Ungdomsbedrifter 11 gonger og ser at dette er nyttig for elevane.