Vinstra i verda - og verda på VinstraSjå filmen franskelevane har laga for å promotere Midtdalen internasjonalt!Regional satsingDen regionale satsinga "Ung i Midtdalen" har i fleire år samarbeidd med skulen vår om internasjonalt arbeid, og har mellom anna gjennom European Solidarity Corpse hatt voluntørar (friviljuge) frå heile Europa med inn i språkundervisninga.Modige franskelevarEi gruppe modige franskelevar på Vinstra vidaregåande skule har i samband med dette laga ein fransk-talande film med mål om å promotere Midtdalen internasjonalt.Filmen er i tillegg å finne på Nord-Fron si heimeside, på heimesida til skulen og på nettsida til Young Voluntary Force.Internasjonalt samarbeidMålet med internasjonalt samarbeid er å ha internasjonal kontakt her på skulen vår, og da må vi vise både skulen, naturen og kulturtilbodet slik at friviljuge frå fransk- og tysktalande land ønskjer å kome til oss.På denne måten fekk elevane erfaring i å jobbe redaksjonelt med støtte frå fransklæraren sin Guri Skurdal Tofte og volontøren Sarah Ghirlandoni.Undervegs fekk elevane trening i både reseptive og produktive ferdigheiter. Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Sist endra 20.02.2025 11.04