Internasjonal veke

Den Europeiske språkdagen blir feira 26. september. Vinstra vgs brukte den dagen som utgangspunkt for internasjonal veke, der mangfald og språk står i fokus. 

Språk på dagsordenen

Måndag til onsdag hadde Fransk, Engelsk og Tysk hovudfokus på kvar sin dag. Elevane laga plakatar i forkant av dagen og hang dei i gangen utanfor kantina. Elevane stod òg for ansvar for å lage quiz. Line og Vilde tar fransk og går vg1. 

Quiz boks ved siden av en quiz - Klikk for stort bileteQuiz boks Vinstra Vgs

Dei sa at å lage plakat i seg sjølv var ein god måte å lære språk på. Dei skreiv på både norsk og fransk og måtte tenke mellom anna på bøying av verb. Når dei laga quiz meinte dei at det var viktig å få fram spørsmål på ein god måte: «ikkje så vanskeleg og ikkje noko folk visste frå før, slik at dei måtte bruke plakaten for å finne svar.»

Torunn Berge Dalsbø er fagansvarleg for språkfaga. Ho seier at det er ein læringseffekt for både dei som lagar plakatane og dei som tar quizen. I tillegg seier ho at den internasjonale veka skaper god stemning og er positivt for skulemiljøet.

I kantina var det musikk der elevane stod for speleliste og maten i kantina var sjølvsagt inspirerte frå temaet for dagen. 

Sierra Leone

Torsdag var temaet Sierra Leone og quizen ble spilt på Kahoot. Dei fleste vidaregåande skular har OD dagen der dei samlar inn pengar til eit velgjerande formål. I samarbeid med Lillehammer vgs og Gausdal vgs, har Vinstra vgs Sierra Leone dag i staden for OD dagen. Elevane jobbar ein dag og samlar inn pengar som går til drift, innkjøp av utstyr, vedlikehald og skulemat til 450 elevar ved Lillehammer Secondary School i Sierra Leone. I forkant av Sierra Leone dagen som er 20. oktober var det difor viktig å inkluderer Sierra Leone i internasjonal veka.

Andre aktivitetar

I tillegg til flagg frå ulike land, stod ei ordsky av språk i hovudinngangen. Elevane og tilsette ved Vinstra vgs meistrar fleire

Ordsky om mange språk - Klikk for stort bileteSpråk vi snakkar på Vinstra vgs Vinstra Vgs

 enn 25 språk! Biblioteket har òg fått inn bøker som er på polsk, ukrainsk, tygrinja, arabisk, ahmarisk og portugesisk som elevane kan låne. Søk på verdsbiblioteket for å lære meir om å låne bøker som ikkje er på norsk.

Ung i Midtalen hadde ein pop-up i matpausen på måndag med konkurranse «Kvar i verda». Det var 20 bilete frå 20 land og 5 heldige vinnarar vann kvar sin kinobillett. Onsdag var det òg pop-up om «Utdanning i utlandet» og elevane kunne lære meir om ulike utanlandske utdanningsmoglegheiter.

Kort sagt

Rektor Leif Solheim meiner at internasjonal veke er positiv. Det set språklæring på kartet og han håpar det blir ei årleg sak.