Desember er ein spennande månad for musikklinja

I førjulstida har musikklinja oppnådd ekstremt mykje. 

Kyrkjekonsert, klassiskkonsert, tentamen og kunstpause

Fredag den 2. desember vart den årlege kyrkjekonserten arrangert i Sør-Fron kyrkje. Alle elevane på musikklinja var med, men som tidlegare år, fekk prestasjonane til 3. klassingar ekstra plass. Førebuingane til kyrkjekonserten har vore mykje jobb, men elevane går gjennom ein stor læringsprosess, og mange sit igjen med meistringskjensler.

Kirke med nordlys i bakgrunn - Klikk for stort biletePlakat for konsert Trond Solberg

12. desember var det klassisk konsert. Dette er ein tradisjon som skjer to gonger i året i samarbeid med Fron kulturskule. Å vere saman med fleire som driv med musikk på ulike nivå kan vere inspirerande og det er verdifullt for yngre elevar å bli kjend med skulen for eventuelle framtidige val.

I tillegg har elevane førebudd seg til og gjennomført tentamen i desember. Siste dagen før juleferien gir òg rom for ein kunstpause der elevane opptrer for kvarandre i ein avslappa setting.

Elevar deltar i “Jul med KORK”

Kringkastingsorkesteret (KORK) kom til Rudi Gård for å spele inn «Jul med KORK».  Hanne og Synne Kjøk går sitt siste år på Landslinja med folkemusikk, og dei var med!

Invitasjonen kom via e-post på 18-årsdagen deira medan dei var i Oslo om sommaren. Hanne fortel at ho var sjokkert og overraska då ho las e-posten, men ho og Synne greip moglegheita og sa sjølvsagt ja til å vere med.

Fleire månader seinare, etter at søstrene sende inn opptakk og KORK arrangerte musikken, vart dei køyrde med hest og slede til Rudi Gård. Dei framførte to låtar. Den eine var eit arrangement beståande av to tradisjonelle julesongar kalla "Kjære mauren min"/“Grashoppa å maur'n” og “Trettandkveldsvisa”- båe lært av Mari Midtli og “Julottan” som var ein polska fra Sverige.

4 mennesker sitter i en slede - Klikk for stort biletePå veg til Rudi Gård NRK/ Geir Olav Slåen
2 jenter står foran mikrofon og holder fele - Klikk for stort bileteHanne og Synne Kjøk med KORK Thomas Pettersson

Søstrene skildra heile opplevinga som ei stor glede. Det var stort å dele eigne musikalske tradisjonar med eit breiare publikum, og det fungerte som eit stort boost for å halde fram med musikken.  

Sjå “Jul med KORK” på NRK 1 kl. 20.05 fredag 22. desember eller klikk her på NRK TV. 

Korleis opplev ein ny avdelingsleiar ein travel desember?

Lena Lien Surdyn  byrja i rolla som avdelingsleiar for Musikk, dans og drama i august 2023. Ho er samd i at desember har vore hektisk, men ho meiner det er verd det når ho ser elevane stråler og er stolte og glade over det dei oppnår. Ho presiserer: «Gjennom heile hausten legg elevar og lærarar ned hardt arbeid, men den gode følelsen som fylgjer etter ein konsert er som ei gulrot for alle saman.» 

Portrett bilde av avdelingsleder på musikk - Klikk for stort bileteLena Lien Surdyn, avdelingsleder Vinstra vgs

Opphavleg frå Sør-Fron, kjem Surdyn til Vinstra vidaregåande skule etter å ha budd fleire år i USA. Ho har mange års erfaring som lærar, og har vore musikar både på Broadway og på turné. Ho har òg brei erfaring med komponering og arrangering inkludert «Tryllefløyten» i Operaen i Oslo og «Spellemann på taket» på Folketeater i Oslo.

Surdyn har vorte kjend med hyggelege elevar og tilsette i den nye jobben sin, men innrømmer at det tek tid å setje seg inn i alle forventingane knytt til arbeidsoppgåvane. Når det gjeld verdien av å gå musikklinja, er bodskape tydeleg. “Når elevene går musikklina, får dei ei solid, brei kompetanse for å gjere det meste inn i musikkbransja.”