Velkomen til skulestart!

Måndag 15. august startar eit nytt skuleår. Her finn du nyttig informasjon som du treng i skulestarten.

Oppmøtetider

  • Kl. 08.00: Alle Vg1-elevar
  • Kl. 09:00: Alle Vg2-elevar
  • Kl. 10:00: Alle Vg3-elevar

Alle møter i aulaen ( gymsalen).

Illustrasjon skolestart - Klikk for stort bilete Mostphotos Elev-PC

Alle elevar i vidaregåande skule må ha ein berbar datamaskin til bruk i skulearbeidet.

Vg2- og Vg3-elevar må ta med sin eigen PC til fyrste skoledag.

Som Vg1-elev treng du ikkje å gjere noko før skulen startar, men rett etter skulestart må du velje kva for ei ordning du vil ha:

1. Elev-PC frå Innlandet fylkeskommune

Du kan bruke ein berbar PC frå fylkeskommunen mot å betale ein årleg eigendel som motsvarer den lågaste satsen på utstyrsstipendet frå Lånekassen (1118 kroner komande skuleår). 
PC-en blir din når du har betalt eigendelen i tre år.

2. Eigen datamaskin

Du kan bruke din eigen private datamaskin, viss den har skjerm og yting som tilfredsstiller krava innanfor utdanningsprogrammet ditt. 

Les meir om PC-ordninga

Visma InSchool

Innlandet fylkeskommune bruker Visma InSchool (VIS) som skoleadministrativt system på dei vidaregåande skulene. Visma InSchool vil vere ein del av skulekvardagen din.

Du vil sjå viktig informasjon som timeplan, fråvær, anmerkningar og karakterar. Du kan også levere digitale søknader, gjennomføre fagval og utføre mange andre handlingar i systemet. 

Les meir om Visma InSchool og sjå introduksjonsvideo

Gratis læremiddel

Fylkeskommunen har ansvar for at alle elevar får låne nødvendige trykte og digitale læremiddel.

Du får du låne dei lærebøkene du treng i opplæringa. Bøkene blir utlevert ved skulestart og skal leverast inn igjen før skuleslutt. Du skal behandle bøkene pent, og må erstatte bøker som blir borte eller øydelagt.

Les reglementet for utlån av lærebøker

Lån og stipend

Alle elevar i vidaregåande skule kan søke lån og stipend i Statens lånekasse for utdanning. Hugs å søke om utstyrsstipend innan fristen 15. november.

Les meir om lån og stipend

Skuleskyss

Alle elevar i vidaregåande skule som treng skuleskyss til og frå skulen må søke om det kvart år. Du har krav på gratis skuleskyss dersom du bur meir enn 6 km frå skulen.

Du må søke sjølv via «MinSkyss» som er ei nettbasert løysing. Det er viktig at du følgjer med på statusen for søknaden din. 

Les meir om skuleskyss i vidaregåande skule

Parkering

På grunn av anleggsarbeid ved Vinstrahallen er det dessverre umogleg å parkere nær Vinstra vgs. Elevar som ønskjer å bruke eigen bil eller anna kjøretøy må rekne med å måtte parkere langt frå skulen. Skulen rår flest mogleg til å bruke buss. 

Skulebevis

Alle elevar skal bruke PocketID skulebevis på mobilen. Du lastar ned appen i App Store eller Google Play. Du får meir informasjon i løpet av den første skuleveka.

Les meir om PocketID skulebevis

Skuleferiar og fridagar

Her ser du skuleruta for kommande skuleår

Reglement og rutinar

Lurer du på noko rundt fråvær, ordensreglementet, eller kva for rettar og plikter du har som elev i vidaregåande skule? 

Les reglement og rutinar som gjeld for deg som elev

Hjelp og rådgiving

Treng du nokon å snakke med om utfordringar i skulekvardagen? Skulen har fleire typer rådgivarar som kan hjelpe deg. 

Les meir om rådgivartenesta ved skulen

Personvern

For å kunne kommunisere med føresette blir det innhenta informasjon om føresette frå Folkeregisteret.

Les meir om korleis Innlandet fylkeskommune behandler personopplysningar

Helsing frå rektor

Rektor Leif Solheim ønskjer deg velkomen til Vinstra vidaregåande skule!

Les helsinga frå rektor

Velkomen til skulestart!

Til toppen